Sveiokyrkja > Artikler > Artikkeldetaljer


Otto, 80 i 80


Otto, 80 i 80! I sommar fylte Sveios eigen globetrotter Otto Molvær 80 år. Det vil me feire i kulturkyrkja torsdag 28. november med kulturkveld.

80 åringen Otto har 80 minutt til rådvelde i foredraget sitt.  Entre kr 200/150/50. Billett i døra

Otto viser bilete og fortel frå mange av turane sine - kanskje alle!? Den som kjem frå sjå! Otto har laga ei lita liste over turane sine. Her er dei:

Eg har plukka ut nokre få turar å velje mellom:
1.      «Peregrino» på Camino Inglés til apostelen Jakobs grav.
2.      I Nansens skispor over innlandsisen.
3.      I Eirik Raudes kjølvatn i «landet under leidarstjernen».
4.      I Hans Egedes fotefar i Kalaallit Nunaat.
5.      På ski i landet med den kalde kysten.
6.      I kajakk til «verdas nordlegaste bergensar» på Kapp Wijk.
7.      Padling til «Lenins forlatne utopi», Pyramiden.
8.      «Troll» i Dronning Maud Land.
9.      Til topps på Albroz, ein sovande vulkan med ishatt.
10.  Etnefjella.
11.  Malmangernuten.
12.  Til «Fridomstoppen», Uhuru Peak, 5895 moh.
13.  Noreg på tvers.
14.  Norskekysten i kajakk, solo.
15.  Sandvassbu.
16.  Til topps på nasjonalfjellet Stáddá.
17.  «Spranget» på Svolværgeita.
18.  Holtanna og andre Sunnmørs-alpar.
19.  Sylvbryllaup på Galdhøpiggen.
20.  Med kajakk på kanalar i Dalsland.
21.  Padling på Sveriges lengste turistattraksjon.
22.  Med kajakk i UNESCOs verdsarv på Helgelands-kysten.
23.  «Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu» - på Sunnøre og i Hardanger.
24.  Padling og fjellturar i og ved Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden.
25.  Romsa.
26.  «Sakteruta» med Randi Skaug.
27.  Steigen – eit padle-eldorado.
28.  «Noreg i eit nøtteskal».
29.  S/B «Malene».
30.  Med «Karoline» til Røvær.
31.  Ned «Storjuvet» (Grand Canyon) i gummibåt på Colorado-elva.
32.  Med S/B «Vilja» over Nordsjøen og på Stillehavet.
 

Tilbake