Kyrkjene i Sveio

Sveio kyrkja er ein levande møteplass for tru, fellesskap og tradisjon i hjarta av Sunnhordland. Kyrkja ønskjer å vera nær menneske i alle livsfasar – frå dåp og trusopplæring til vigsel, sorg og gravferd. Gjennom gudstenester, konsertar, samlingar og frivillig arbeid vil kyrkjelyden skapa rom for tru, håp og fellesskap.
Sveio kommune har to sokn: Sveio sokn og Valestrand og Førde sokn. Kyrkjene våre er viktige kulturberarar og samlingspunkt i bygdene, og kvar kyrkje har sitt særpreg og si historie. Arbeidet i sokna skjer i tett samarbeid mellom tilsette, frivillige og lokalsamfunnet.