Sveiokyrkja > Born og unge > Babysong


Babysong.

Babysong er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre i heile kommunen. Samlingane føregår i Sveio soknehus omtrent annakvar onsdag, frå kl. 11 til ca 13:00. Babysong er i partalsveker.

Babyen elskar at far og mor syng til den, og bryr seg ikkje om kva songstemme me har. I kyrkja er det stor takhøgde, - du kjem dei gongene det passar for deg, og så er det OK å komma 15 minutt for seint. På babysong trefte me andre foreldre i same situasjon, som me kunne dela erfaringar med.

Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosangarar!  Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus. Det er først ei sangstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument. Etter sangstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.

De kan bli medlemer i Babysanggruppa og betala ein kontingent på kr 50,- per semester for medlemsskap. Sveio Babysang er innmeldt i Ung Kirkesang.  Ung Kirkesang gir ei støtte på ca 300 kroner i frifondsmidlar per betalande medlem til Babysangen.cMedlemskontingenten gir eit bidrag til drifta av Babysangen, som fornying av utstyr som matter og rytmeinstrument når det trengst.

Kontaktperson: Sissel Elisabeth Fjellsbø, sissel.elisabeth.fjellsbo@sveiokyrkja.no