Sveiokyrkja > Besøkstenesta


Besøksteneste.

Ønsker du ein besøksvenn eller ønsker du å vere ein besøksvenn? Besøkstenesta er eit samarbeidsprosjekt mellom Sveio kommune og kyrkja, retta mot eldre som bur heime og ønsker meir sosial kontakt i kvardagen. 

Å få besøk av ein besøksvenn kan vere
•    ta ein kopp kaffi og ein prat saman
•    gå ein tur i hagen eller nærområdet
•    lese avisa eller ei bok saman
•    ha nokon å snakke med

Besøka blir tilpassa den enkelte sine ønske og behov. Det viktigaste er ikkje kvifor ein ønsker besøk, men at det er godt å bli sett og ha kontakt med andre. Tenesta er gratis og open for alle.

Ønsker du å vere besøksvenn?

Som besøksvenn er du ein trygg og lyttande person som møter den eldre med respekt, venlegheit og empati. Besøksvennene er nøytrale og upartiske, og besøkstenesta handlar ikkje om pleie, behandling eller praktiske oppgåver, men om medmenneskeleg nærvær.

Kva forventast av deg som besøksvenn?

  • Regelmessigheit. Det blir avtalt faste besøk, vanlegvis ein gong kvar 14. dag.
  • Teieplikt. Som frivillig har du moralsk teieplikt. Den du besøker skal kunne dele i tillit, utan at det blir ført vidare.
  • Rammeavtale. I starten av besøksrelasjonen blir det signert ei rammeavtale som klargjer forventningar og rammer.
  • Grensesetting. Besøksvennen avtalar tidspunkt og varigheit for besøka, og skal ikkje ta med eigne utfordringar inn i besøket.
  • Avgrensingar. Besøksvennen skal ikkje handtere økonomi, medisinar eller ta imot gåver av verdi.

Kontakt.

Ta kontakt dersom du ønsker

  • å få besøk
  • å bli besøksvenn
  • å få meir informasjon for deg sjølv eller som pårørande

Prosjektansvarleg for besøksteneste
Oddrun Rosenberg Jacobsen
📞Telefon: 452 10 899 / 53 74 84 22