Sveiokyrkja > Livsvegen > Konfirmasjon

I konfirmasjonstida får du som konfirmant vera ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua. Gjennom året er det temasamlingar og gudstenester der du får læra meir om deg sjølv, om tru, om Gud og verda me er ein del av. 

Konfirmasjonstida er for alle. Ved behov for tilrettelegging tek de kontakt med kyrkjekontoret, saman legg me til rette for det tilbodet som er best for dykk. 

Er du ikkje døypt og lurar på om du kan vera konfirmant i kyrkja? Sjølvsagt kan du det! For å vera med på sjølve konfirmasjonsdagen må du vera døypt, difor får du tilbod om dåp i løpet av året.

Det er nå fastsett datoar for konfirmasjon i Sveio kyrkjene i 2027.

Sveio kyrkje: laurdag 21.08 kl. 11:00

Sveio kyrkje: laurdag 21.08 kl. 13:00

Sveio kyrkje: laurdag 22.08 kl. 11:00

Valestrand kyrkje: laurdag 28.08 kl. 11:00

Førde kyrkje: laurdag 28.08 kl. 13:00

Eikeland kapell: sundag 29.08  kl. 11:00

Trykk her for å melde deg på til konfirmasjon: Konfirmasjonspåmelding