OTTO i 80


Torsdag 28. november kl 1900 kåserer "Sveio's største globetrotter" Otto Inge Molvær i Kulturkyrkja.

Kom og høyr Otto på 80 kåsera i 80 minutt!

Kulturkyrkjekafe etter kåseriet.

 

Otto Inge Molvær er ein person det er umogeleg å skrive eit kort samandrag om. Det seier seg sjølv at ein som har runda 80 år har opplevd mykje, men makan! Søkjer du han opp på nettet vil du finne hans namn gjengjeve i kring 40.000 artiklar! Har du nokre ekstra friveker så vær så god og set i gong med å lesa. Vi tilrår heller at du tek deg ein tur til Valestrand denne kvelden. Der vil du i 80 minutt få høyra han fortelje og vise bilete frå sine mange eventyrreiser rundt om i heile verda. Vi vågar påstanden om at han er Sveio´s største globetrotter.  Og me snakkar ikkje om små søndagsturar. Han oppsøkjer dei plassane der det er varmast, kaldast, lengst, breiast, høgast, djupast og krev mykje av kroppen. Men han er og så mykje mykje meir enn ein reisande fant; altmulegmann, dykkarlekjar, kommandør, moromann, fotograf, forfattar, bestefar, kyrkjegjengar, friluftsmenneske, båtbyggjar, samfunnskritikar, utviklar, og så vidare og så vidare. Kor mykje vi får høyre om denne kvelden finn du berre ut om du kjem! Og har Otto sagt han vil kåsere i 80 minutt så held han ikkje på i 79 eller 81 minutt. Det er berre slik han er bygd.

Tilbake