Sveiokyrkja > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Innsetjing av ny sokneprest i Sveio


Sundag 9. februar, kl 11.00 skal Eirik Aadland Tappel innsetjast som ny sokneprest i Sveio. Gudstenesta vert i Sveio kyrkje, og folk frå heile kommunen er velkomne til å vera med . . .

 

Sundag 9. februar, kl 11.00 skal Eirik Aadland Tappel innsetjast som ny sokneprest i Sveio. Gudstenesta vert i Sveio kyrkje, og folk frå heile kommunen er velkomne til å vera med.

Det vert eit flott program under gudstenesta, der med anna ny prost i Sunnhordland, Arild Steinsland, vil delta.

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi på Soknehuset. Her vert det helsingar og musikkinnslag, samt at vi skal bli betre kjent med den nye soknepresten. Tradisjonen tru vert det 'og sjølvsagt kaffi og kaker, og tid til ein prat rundt borda.

Vi håpar follk frå alle delar av kommunen vil møta opp å ta vel imot den nye soknepresten.

 

Tilbake