Utleige og prisar


 

 

Prisar for leige av Sveio Soknehus:

Prisane har som føresetnad at leigetakar reingjer leigde lokale og kjøkken om det er brukt – vaske av borda og tørrmoppe golva, samt vaske brukt kjøkkenutstyr.

Heile dagar (kl 07.30-22.30).

  • Heile huset                                          kr         5 000,00
  • Hovud- og litlesalen                            kr         3 000,00
  • Hovudsalen                                         kr         2 500,00
  • Ungdomslokalet                                  kr         2 000,00
  • Litlesalen                                             kr         1 500,00
  • Møterom                                             kr            850,00
  • Kjøkken                                              kr            750,00
  • Leige av heile huset ei heil helg         kr         8 000,00                          

(Helg reknast frå fredag kl. 17.00 til søndag kl. 17.00 )

Kortare møte (inntil 4 timar mellom kl 07.30-22.30).

  • Heile huset                                          kr         2 500,00
  • Hovud- og litlesalen                            kr         1 500,00
  • Hovudsalen                                         kr         1 250,00
  • Ungdomslokalet                                  kr         1 000,00
  • Litlesalen                                             kr            750,00
  • Møterom                                             kr            525,00
  • Kjøkken                                              kr            375,00
  • Kapellet kan nyttast gratis til båreandakt eller tilsvarande.

Minnemøte:

Minstepris kr 4 500,00 for inntil 30 personar. Fom nr 31 vert det eit tillegg pr person på kr. 75,00 pr person. Dette inkluderar tilrigging, servering, kaffi/ te/ vatn og reingjering i etterkant.

Mat og brus må ordnast av leigetakar.

 

Utleigereglar for Sveio soknehus:

  1. Leigetakar sørgjer for oppsett av bord og stolar, samt pynting og dekking.
  2. Leigetakar sørgjer normalt for maten til sitt arrangement.
  3. Bruk av bestikk, kjerald og kjøkkenutsyr inngår i leiga. Leigetakar pliktar å gjera reint alt bestikk, kjerald og kjøkkenutstyr som er nytta. Slik reingjering skal skje på leigedagen.
  4. Husk og reingjer kaffimaskinen etter bruk.
  5. Ved minnemøte kan soknehuset sørgja for oppsett av stolar og bord, samt pynting og dekking, servering, kjøkkenteneste og reingjering etterpå – alt etter gjeldande prisliste.
  6. Leigetakar skal rydda det leigde lokalet etter bruk (sjå bilete som syner standardoppstilling i kvart rom) og sørgja for tørrmopping/støvsuging av dei leigde lokala same dagen som dei er nytta.
  7. Utvask av lokala utover punkt 6 inngår i leigeprisen.
  8. Overnatting er mulig, men leigetakar må sjølv sørga for liggeunderlag og brannvakter.
  9. Soknehuset leiger ikkje ut kjerald, stolar og bord til bruk utanfor soknehuset.
  10. Ved leige til konfirmasjon dei helgene det er konfirmasjon i kyrkjene i Sveio, så vil innbyggjarar busette i Sveio kommune ha forrett til bruk av lokalet. Er ikkje lokala utleigde pr 1. februar, kan dei leigast ut til andre.
  11. Soknehuset er eit rusfritt forsamlingslokale. Det kan derfor ikkje serverast alkohol ved arrangement på huset.
  12. Lokala er også røykfrie. Røyking kan skje på utsida av bygget, men ikkje ved inngangspartiet.
  13. Leigetakar må dekka eventuelle skader på hus og inventar som er forårsaka av Leigetakar eller nokon han har gjeve tilgang til lokalet.
  14. Leigetakar skal gjera seg kjent med gjeldande brannplan for soknehuset, likeeins gjera gjestene kjent med same og utvisa aktsemd i all omgang med brannfarleg materiale.
  15. Når lokalet vert forlete, skal kaffitraktarar vera av, lys og komfyrar vera sløkte,  alle vindaugo vera lukka og ytterdører vera låste.

Ta kontakt på e-post: post@sveiokyrkja.no eller på tlf. 53748422 for å avtale leige

 

Tilbake