Bjelland og Mannskapet - konsert 8. mars


Onsdag 8. mars kl 1900 kan du oppleva  Bjelland og mannskapet i Valestrand kulturkyrkje.

Under pandemivåren 2021, og nedstenginga, vart Sveinung Bjelland kontakta av presten

i Ølen kyrkje. Ho ytra ynskje om å gje ut ein musikkvideo, som eit tillegg til dei digitale

gudstenestene. Bjelland tok oppfordringa, samla saman eit mannskap og spelte inn

songen «Han tek ikkje glansen av livet». Resten er historie. Den har pr. dags dato

18 tusen visningar på You Tube.

Konserten innheld ei blanding av gamle amerikanske folkesongar, norske salmer og

Bjelland sine eigne viser. Pluss nokon røvarhistoriar.

Sveinung J. Bjelland: Vokal og akk. gitar • Arnt Ove Kvernenes: Munnspel

Jon Ørnes: Dobro, banjo, akk. gitar • Dagny Christophersen: Vokal og perkusjon

Anders Lunde: Kontrabass

Sjå her

 

Billettar; 250,- (200,- Pensjonist) Selges i døra, Vipps og kontant

Tilbake