"Regndropeborna og andre dyr". Familiekonsert med Sigrid Moldestad og Regndropebandet.
TYSDAG 8. NOVEMBER KL 1800 I KULTURKYRKJA
Av alt diktaren Jan-Magnus Bruheim etterlet seg står barnedikta hans i eit eige lys. Hans
vidunderlige evne til å undre seg over smått og stort, betraktningar blant natur og dyr og
hans klåre stemme til dei som fell lit utanfor, går att i dikta. Vakre sterke tekstar som snakkar
til både små og store. Det er leikne historier om “ Snigla som sykla” og dei som bur i
“Sutrelid” og det er såre bileter om bråkeguten som egentlig vil vere grei.
Sigrid Moldestad hadde tenkt på desse dikta sidan ho jobba med voksenplata “Brevet til kjærleiken” til
Bruheim sitt 100-års jubileum i 2014, så då Roald Kaldestad på Falturiltu oppmoda
Moldestad til å ta tak i det igjen i fjor, byrja samarbeidet.
Konserten er ein samproduksjon mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossajazz. På konserten
får publikum også sjå fleire av dei vakre illustrasjonane til Jens Kristensen. Regndropebandet består av Sondre Meisfjord
(bass) Kåre Opheim ( trommer) og Jørgen Sandvik ( gitarar/dulcimer) Lyddesign Kjetil Aabø.
BILLETTAR - TRYKK HER
Arrangementet er eit samarbeid mellom Faltiriltu, Valestrand Kulturkyrkje, Valenheimen, Valestrand bygdalag og Sveio kommune.