Babysang - hausten 2024


Babysang er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre. 

Samlingane føregår i Sveio soknehus omtrent annakvar onsdag, frå kl. 11 til ca 12.30. Babysang er i partalsveker. 

 

 

Første Babysang i haustsemesteret  er onsdag 21. august  kl 11 i soknehuset

 

Datoar:      21. august, 4. september, 18. september, 2. oktober, 16. oktober, 30. oktober, 13. november, 27. november

Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosongarar!  Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus.

Det er først ei songstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument. 

Etter songstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.

De kan bli medlemer i Babysonggruppa og betala ein kontingent på kr 50,- per semester for medlemsskap.  Medlemskontingenten gir eit bidrag til drifta av Babysangen, som fornying av utstyr som matter og rytmeinstrument når det trengst.

 

Kontaktperson; Haldis Rolfsnes Stueland, 91837056

 

Tilbake