HAVKLANG - Ingrid Vetlesen og Marita K. Rabben


HAVKLANG

- ei kjærleikserklæring til havet

Havet. Uendeleg, trøystande, farleg, lokkande.

 

 


Under den spegelblanke overflata lurer enorme krefter, som brått kan forvandla det fredfylte til noko rasande og vilt.
Havet gir plass og rom til store tankar, og det har til alle tider vore ei inspirasjonskjelde for diktarar og komponistar. Konserten Havklang tek for seg ulike nordiske tolkningar av det evige blå.

 

Musikk av Grieg, Sibelius, Backer-Grøndahl, Alnæs, de Frumerie og Nyström, til tekster av Krag, Garborg, Vinje, Wergeland, Lagerkvist, m.fl.

 

I 2021 har Havklang blitt framført på Lindesnes, Lista, Lyngør, Skåtøy og Utstein kloster. I sesongen 2022-23 står Vestlandet og Trøndelag for tur.

 

OM UTØVARANE

 

Ingrid Vetlesen er sopran, med utdanning frå bl.a. musikkonservatoriet i Stavanger og Operaakademiet i København. I 2017 busette ho seg i Lillesand, og herifrå jobbar ho frilans med eigne og andre sine prosjekt, både som konsertsolist og kammermusikar.

 

Marita Kjetland Rabben er pianist – busett i Oslo, men opprinneleg frå Stord. Ho er utdanna ved Griegakademiet i Bergen, Musikhochschule Freiburg in Breisgau og Institutt for musikk, NTNU. Marita har jamnlege engasjement som solist, kammermusikar og akkompagnatør, og ho jobbar også mykje med eigne tverrkunstnariske produksjonar.

 

Marita og Ingrid har samarbeida sidan 2014, bl.a. i konsertserien Klassisk til skogs i Ekebergparken, Flygel til lunsj i Stord kulturhus og på turné med konsertprogrammet Wien og vals.

 

Konserten er støtta av Norsk Kulturråd, Creos vederlagsfond og FFUK.

Tilbake