Småbarnsang- plan for hausten 2021/våren 2022


Småbarnsang er ei sangstund for barn frå 1-5 år. Me startar opp for hausten 25. august kl 1730

 

Song leik og frukt.
Småbarnsang held til i Sveio soknehus  onsdagar kl. 17.30-18.30  Me møtes annakvar onsdag. Sveio Småbarnsang  er eit tilbod til førskuleborn (0-5 år) i Sveio.

Datoar framover:

Oppstart: 25.august

  • September: 8 og 22
  • Oktober 6 og 20
  • November 3 og 17
  • Desember 1.

 

  • Januar: 12 og 26
  • Februar: 9 og 23
  • Mars: 9 og 23
  • April: 6 og 20
  • Mai: 4

På småbarnsang sit born og foreldre/besteforeldre saman i ein ring, og me syng kjende barnesongar som til dømes: «Bjørnen sover», «Mikkel rev», «Er du veldig glad og vet det», «Bæ, bæ lille lam», «Ro, ro, ro din båt», «Båten den gynger», «Om eg er lita eller stor», «Er du veldig glad og veit det» og mange fleire! Me nyttar og enkle rytmeinstrument.

Etter songstunda,  leikar borna litt og me avsluttar det heile med eit fruktmåltid før me syng avslutningssongen vår.

Ein gong i halvåret er me med på ei familiegudsteneste. Der opptrer me med nokre av songane me syng på samlingane våre.

Styret;  Monika Næs 99574102, Mette Helen Eidsvåg  47647251 og Kamilla Haga 92438892

Er du interessert i å vere med i eit styre/ ha ansvarsoppgåver, så ta gjerne kontakt om det. Me kan gjerne ha fleire å dele ansvaret med. Oppgåver kan vere: leie songen, rydde til før eller etter, kutte opp frukt eller liknande

 

Me har også ei facebookside. Sjå etter Sveio småbarnsang på facebook.

Vel møtt!

Tilbake