For første gang på 15 år kjem det ikkje ut eit hefte om kulturkyrkjeaktivitetane til alle postkassane i Sveio. Det er rett og slett for usikkert om arrangement let seg gjennomføra. Det er likevel arrangement under planlegging og ein håper å gjennomføra desse.
Det første arrangementet som er på trappene er «Vårstemningar» med trioen Åge Kvalbein på cello, Marita Kjetland Rabben på piano og Maren Myrvold, sopran. De er på veg til Kulturkyrkja for å ha konsert torsdag 25. februar.
Til sommaren køyrer ein «Open kyrkje» med kunstutstilling av gullsmed Reidun Breistig. Tema for utstillinga er «Arv» og ho vil lage nye arbeid til denne utstillinga. Opningsarrangement blir tysdag 6. juli med møte med kunstnaren og kulturinnslag. Deretter er kyrkja bemanna tirsdagar, onsdagar og torsdagar i tidsrommet 7. juli til 29. juli. Nytt av året er nye tidspunkt som blir kl 16.00-19.00. «Open kyrkje» blir bemanna av Kvinne- og familielaget, Helselaget, Soknerådet og styret i Kulturkyrkja.
Artikkelfoto: Dagfinn Heimestøl