Som ein del av dei nasjonale smittevernreglane har ein kun høve til å ha ti personar på gudstenester for tida, men vi har moglegheit til å avhalde barne- og ungdomsarrangement. Da må vi tenka nytt. Slik gjer vi det i Sveio i dei to neste ukene.
Søndag 7. februar blir det gudsteneste i Sveio kyrkje. Den er lukke for vanleg oppmøte, men vert streama på Facebooksida "Sveiokyrkja"
Søndag 14. februar blir det det to gudstenestefeirande stader i Sveio, ein i Sveio kyrkje og ein eller fleire gudstenester i Førde kyrkje. I Sveio kyrkje vert det «Lys Vaken» for 6. klassingane i soknet og på søndagen lagar dei ei gudsteneste som ikkje er open for deltagare, men den vert strema på Facebooksida «Sveiokyrkja».
I Førde blir det gudstenester med fysisk oppmøte med ti deltagare på kvar. Biskopen har laga ei kort nattverdsgudsteneste som varer omkring 25 minuttar. Det blir påmelding til denne gudstenesta ved telefon til kyrkjekontoret eller direkte til sokneprest Arild Steinsland frå fredag 12. februar. Dei 10 første som melder seg får vere med på Gudstenesta kl. 11, dei 10 neste som melder seg får vere med på gudsteneste kl. 11.30, og så held vi så mange gudstenester som det er bruk for. Alle som ønsker de får vere med på ein av gudstenestene.