Tårnagenthelg


Tårnagenter får oppdrag i kyrkja.

 

Tårnagenthelga er eit spennande arrangement der barna får oppdrag å løysa
i kyrkja. Her er fokus på skattane i kyrkja, det som gjer kyrkja spesiell.
Besøk i tårnet for å finn ut meir om kyrkjeklokkene er eit høgdepunkt.
Tårnagentane får og i oppdrag å førebu drama, song og plakatar til gudstenesta søndagen.
I Sveio er Tårnagenthelga for 8-åringane (3. årssteg) kvar haust.
I nord er Tårnagenthelga om våren for barn som fyller 9 og 10 år det året
(3. og 4. årssteg), annakvart år i Førde kyrkje og annakvart i Eikeland kapell.

Tårnagenthelg Sveio: November

 

Tilbake