"Bibelreisen" - temakveld om Bibelen i Valestrand kulturkyrkje!
Vi skal over to kveldar ha «Bibelreisen» som tema Valestrand kulturkyrkje. Bibelreisen passar for alle vaksne, og er ikkje avhengig av forkunnskap om Bibelen. Første samling er 20. februar, og den andre er 26. mars. Begge kveldar byrjar vi kl. 19.

Den 20. februar er det Gamle testamente som har fokus, mens den 26. mars er det Nye testamente det handlar om. Kurset kjem med garanti om at sjølv den mest erfarne bibellesar vil lære noko nytt!
Per Hjemdal, sokneprest i Etne, er kurshaldar desse kveldane. Hjemdal har teke kurs for kurshaldarar av «Bibelreisen». Per er ein engasjert formidlar som på ein levande måte deler si glede over Den gamle boka. Han har halde same kurs andre stader, mellom anna i Uskedalen, Nysæter og Lykling kyrkje, med svært god respons.
Det blir kulturkyrkjekafe. Gratis inngong