Sveio Soknehus - Brukarmøte


Velkommen til eit kort brukarmøte for Sveio Soknehus - Styret for Soknehuset inviterer til erfaringsdeling og informasjonsmøte Onsdag 5. februar kl 18.30 - 19.30.

 

Sveio soknehus har nå vore i drift i overkant av tre år og me har hatt stor glede av huset.

Me ønske nå å invitera faste brukerar og andre interesserte til erfaringsdeling i forhold til bruk og drift av huset. Me håpe særleg at alle som har fast aktivitet på huset blir representert.

Kanskje me i saman og kan finna gode løysingar på eventuelle utfordringar.

Det blir og litt kort informasjon om formell organisering av Sveio soknehus samt litt informasjon om praktiske ordningar for drift mv.

Tilbake