Born og unge

Born og familiane deira har ein sentral plass i kyrkjene våre og vi har fokus på å ha meiningsfulle treffpunkt og opplevingar.
Trusopplæringa er for barn og unge i alderen 0-18 år. Gjennom samlingane i trusopplæringa er det eit mål at kyrkja blir ein plass for fellesskap og relasjoner både med kvarandre og Gud. Variasjonen i både tema, innhald, aktivitetar og bibelforteljing på dei ulike samlingane i trusopplæringa er stor.
Alle døypte barn i vår kyrkjelyd får invitasjon til samlingar i trusopplæringa, men alle barn er like velkomne enten dei er døypte eller ikkje. Trusopplæringa skal også vera eit tilbod til alle, uavhengig av funksjonsevne.
Under ser de nokre aktuelle tilbod til barn og familiar.