Sveiokyrkja > Artikler > Artikkeldetaljer


Bli frivillig medarbeidar


Med deg på laget kan vi saman gjere ein forskjell for andre!

Den norske kyrkja har mange aktivitetar du kan engasjere deg i. Kva vil du bidra med? Det er både plass til deg – og bruk for deg – i kyrkja vår i Sveio. 

Det finst over 37 000 frivillige i arbeidet med gudstenestene, 18 000 i arbeidet med barn, 15 000 i ungdomsarbeidet – og mange andre gjer tenester for andre gjennom veka. Faktisk legg minst 75 000 personar ned ein frivillig innsats i kyrkja kvart år. Nokre gjer ein innsats fleire gonger i veka, andre stiller opp éi helg i året – alle er verdifulle og viktige.

Kva oppgåver kan du gjere?
Det er eit stort mangfald av aktivitetar i kyrkja, og sjansen er stor for at nokre av oppgåvene passar for deg. Dette er berre nokre døme på oppgåver i kyrkja:

  • Dele ut salmebøker under gudstenesta

  • Bake kake til kyrkjekaffi

  • Vere leiar i ungdomsarbeidet

  • Væra besøksven i besøkstenesta

  • Vere nattevakt på arrangementer

  • Hente og bringe eldre og rørslehemma til gudsteneste og andre samlingar i kyrkja

Slik blir du frivillig:
Du melder deg som frivillig ved å ta kontakt med di kyrkjelyd. Stikk innom kyrkjekontoret, send ein e-post eller ta ein prat på telefonen. Anten du veit nøyaktig kva du kunne tenkje deg å bidra med, eller du berre vil høyre litt om kva som er mogleg, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.

Tilbake