Alle rettigheter 2019 Sveio kyrkjelege fellesråd

Kulturkyrkja


Valestrand Kulturkyrkje har som føremål å gje folk gode kulturopplevingar i kyrkja sin regi.

Kulturkyrkja skal utvikla eit godt program innan kunst og kultur. Kulturkyrkja ønskjer å leggja vekt på kvalitet der både tradisjon og nytenkning ligg til grunn for programvalet. Det er ønskeleg å dra alle generasjonar med i arbeidet. Det skal vera eit nært samarbeid med Fartein Valen-arbeidet.