Sveiokyrkja > Artikler > Artikkeldetaljer


Lys vaken


Hei!

Har du lyst til å vere med på noko spennande? Vil du vere med på LysVaken?

LysVaken blir arrangert for 5 og 6. klassingar i kyrkjelydar over heile landet!

Lørdag 14. til søndag 15 februar, inviterer vi deg til å bli med på LysVaken i Sveio kyrkje. Vi samlast i Sveio  lørdagen  kl. 18.00.

Då skal vi ha det gøy, bli kjende med kvarandre, lage gudsteneste, utforske kyrkja, ete god mat og overnatta i kyrkja.

På søndag et vi frukost saman, før vi førebur oss til gudstenesta. Når denne tek til, skal vi vere med og vise kva vi har øvd på. Heile familien er hjarteleg velkomne til å komma til gudstenesta!

Snakk med dei vaksne i huset og be dei melde deg på innan 10 februar

på e-post : sissel.elisabeth.fjellsbo@sveiokyrkja.no eller levera påmeldinga på soknehuset eller i postkassen ved inngangen til kontoret.

Tlf: Sissel.E Fjellsbø 97625536

På baksida står det kva som er lurt å ha med seg. De får og ein eigen e-post like før Lys Vaken.

 

Vi sjåast!                                                                                                 

Med vennleg helsing                                 

Sveio sokn

 

Her er ei oversikt over kva som er lurt å ha med seg:

  • Sovepose
  • Liggeunderlag
  • Toalettsaker
  • Pyjamas
  • Innesko/tøfler
  • Inne- og uteklede

 

Til foreldre/føresette

Helga 24.-25 januar skal vi ha eit arrangement for 5 og 6.klassingar i Valestrand kyrkja.

Lys Vaken blir arrangert i heile Noreg og er ein del av trusopplæringsreforma i kyrkja.

Vi samlast lørdag 24 januar. Kyrkja vil vi ha eit variert program med leikar, aktivitetar, førebuing av gudsteneste, måltid og sosialt samvær. Når kvelden kjem, søv vi over i kyrkja.

Søndag et vi frukost saman, før vi gjer dei siste førebuingane til gudstenesta.

LysVaken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss. Vi skal vere lys vakne for kvarandre, for Gud og for oss sjølve.

Kyrkjelydspedagog Sissel Elisabeth Fjellsbø og presten Trude Christina Halvorsen er ansvarlege for arrangementet.  Me er takksame om me kan få med nokre foreldre som kan hjelpa med praktiske oppgåver, Dekke til fest middag laurdag, rydde opp etter fest middagen, laga frukost søndag morgon, eller rydde opp etter frukosten søndag .   Me har ei vaken nattevakt, kyrkjetenar Hilde Ekornsæter, men det er fint om nokon kan bli med som nattevakt/få borna i seng frå 23:00 til 01:00.

Om barnet dykkar har trong for oppfølging eller tilrettelegging som vi treng å vite om, gi oss gjerne en melding om dette. Så kan vi saman legge til rette for at LysVaken blir ei flott oppleving for dykkar barn.

I år har me valt å ta ein liten eigenbetaling på 200kr som de kan vippse til 118464 (trusopplæringg- kyrkja i Sveio) For kvar av deltakarane. Me er og i ei tid då mange kan ha utfordringar med økonomi. Om dette er tilfelle, så ta kontakt så finne me ei løysing. Økonomi skal ikkje vera til hinder for deltaking.

Påmelding innan 16 januar.   
Namn: ………………………………………………………………………………………….
Adresse: ………………………………………………         Alder: ………………
Telefon heim: ………  Mor/far mobil: ……………  E-post:.....................................................
Evt. allergi:……………………………………………………………………………
Eg/me kan vera medhjelpar/ar ...................................................................................................

Vårt barn treng spesiell oppfølging eller tilrettelegging. Vi ønskjer å ha ein samtale før LysVaken………………  Vårt telefonnummer er: ………………………………

e-post .......................................................................................................................

Meir praktisk informasjon vil kome når arrangementet nærmar seg.

Vi ønskjer barnet dykkar hjarteleg velkomen til LysVaken!    Med venleg helsing                       Førde og Valestrand sokn                                            

 

Tilbake