Ei krybbe for vår tid


Domprost Gudmund Waaler er fungerande biskop i haust, her er hans juletankar:

 

I kyrkja legg vi ofte stor vekt på det indre livet.

Men betyr det at det ytre er heilt uvesentleg?

Det fascinerer meg kor mykje pengar, tid og krefter eg brukar på estetikk!  Sjølv er eg oppteken av kunst, interiør og fargar. Ikkje sjeldan tek eg turen innom ein liten designbutikk i sentrum. Eg har også lagt merke til at den kvinnelege delen av husstanden likar å shoppe støvlettar. No er ikkje dette spesielt originalt! I vår forbrukarkultur er det normalt å bruke mykje pengar på det ytre. Men gjer det oss til overflatiske menneske? Det trur eg blir for enkelt. 

Gjennom det ytre, og det vi omgir oss med, utrykker vi oss og skaper ein identitet. Estetikk er difor viktig. Å vere oppteken av det skjønne og det vakre har lang tradisjon i kyrkja. Gud har gitt oss evne og vilje til å forme og skape gjennom kunst og kultur. Samtidig veit vi at kvar tid har sitt utrykk og sitt syn på kva som er vakkert. 

Maleriet frå altarskapet i Mariakirken i Bergen viser korleis kunstnarar allereie på 1600-talet hadde forstått dette. Klede skapar folk og identitet  - difor er alle på biletet kledd etter moten slik den var då.  

 

Skal vi forstå at Gud er til stades i vår tid, må vi våge å male Jesus inn i vår kontekst og i våre liv. Kvar trur du Gud ville plassert  Jesu krybbe dersom han skulle blitt fødd i dag? Kanskje ville han blitt fødd på eit asylmottak med ei einsleg mor? Biletet vi har frå stallen i Betlehem lyg ikkje. Dei vise mennene fann ikkje Jesus hos kong Herodes, eller mellom dei lærde i tempelet i Jerusalem, men i ein stall der det lukta sveitte og møk. Denne konteksten betyr noko fordi Gud valde den heilt medvite. Når Gud blir fødd inn i vår verd, blir han svak. Han blir utlevert. Han blir sårbar, overgitt til ei fattig kvinne. Det gjer han fordi han elskar oss. Han gjer det for å vise oss kva kjærleik er. Kjærleiken kan ikkje krevje, den kan berre komme oss i møte og seie; sjå her har eg kome deg så nær som eg kan for å vise deg min kjærleik. Gud viser sin solidaritet med oss nettopp ved å velje å bli fødd i eit folk som var forfølgde. Gud kjem til oss der vi er og blir ein av oss, kledd som ein av oss. Også i dag er han vår bror. Han er i lidinga når menneske lir. Han græt når vi sørgjer. Han ler når vi er glade. Han vil la seg finne i vår verd når vi søkjer han.

 

Og finner du ham i krybbens hø / som hyrder så, som hyrder så, / da eier du nok til freidig å dø / og leve på, og leve på.

                                                           (Jonas Dahl)

(Foto: Mariakirken - Alterskap - Gåvene frå vismennen, Hilde Smestad Moore)

Tilbake