Sveiokyrkja > Om oss > Artikler > Artikkeldetaljer


Ole Paus kjem til Sveio; Det begynner å bli et liv - det begynner å ligne en bønn


Søndag 3. november kl 1900 kan du oppleva Ole Paus, Ad Libitum, Sveio vokalgruppe og musikerar med lokal forankring i Sveio kyrkje.

Bilettar på TicketCo

Vaksne kr 300,- Born kr 150,-

Ole Paus og Oslo Kammerkor  hadde i 1998 prosjektet ‘Det begynner å bli et liv – det begynner å ligne en bønn’ – der seks songar av Paus kryssa seks salmar av Hans Adolph Brorson. Musikkalbumet blei utgitt av Kirkelig Kulturverksted og produsert av Erik Hillestad.
Denne måten å arbeide med på, fekk etterkvart namnet «cross over» i musikkbransjen og har i ettertid synt seg å være ein svært fruktbar filosofi. Altså eit pilotprosjekt i 1998 som har gitt gjenklang i utallige konsertar i ettertid.
Ole Paus, Ad Libitum, Sveio vokalgruppe og musikarar med lokal forankring vil i november 2019 gjenskapa dette unike prosjektet. Det er allereie i forkant lagt ned eit stort arbeid med planlegging og førebuingar. Komplett notemateriale til korsatsane (Brorson-salmane) som blei nytta av Oslo Kammerkor har vist seg vanskeleg å skaffa, så me har i nokon grad supplert med alternative arrangement av t.d. Trond Kverno og Henning Sommerro - og har i tillegg komplettert med eigne arrangement av kantor og dirigent for Sveio barnekor og Vokalgruppe – Ingrid Pedersen Furdal. Me har og skrive ut koring (nynnekor) til nokre av Paus sine viser.
I tillegg til Ole Paus, Ad Libitum og Sveio Vokalgruppe medverkar Ole Jacob Hystad (saksofon), Kjetil Olai Lundø (kontrabass), Torbjørn Økland (gitar) og Svein Ragnar Myklebust (tangentar).

Ole Paus er ein allsidig og profilert norsk kunstnar - visesangar, musikar, forfattar og skodespelar. Han var ein av dei sentrale skikkelsane under visebølga i Noreg, og er kjent for sine ofte satiriske og samfunnsrefsande tekstar, der han ofte med ein sterk brodd kommenterar politiske og dagsaktuelle spørsmål. I seinare år har han også markert seg med ein mjukare og meir poetisk stil, blant anna som tolkar av salmar. Paus har utgitt ei rekkje eigne plater og mottatt talrike prisar og heidersteikn – m.a. Spellemannsprisar, Solprisen, Gammlengprisen. Han har samarbeida med ei rekkje kjende norske artistar og bidratt ved svært mange ulike høve i glede og sorg. Ole Paus skriv konsekvent på norsk. Paus har hatt rollar på film og har også vore programleiar for fleire TV-program.

Tilbake