Høyring - justering av vedtektene for gravplassane i Sveio


Høying -  framlegg til justerte vedtekter for gravplassane i Sveio. Desse vart vedtatt i Sveio Kyrkjelege Fellesråd sitt møte 30.03.2023 og vert lagt ut til open høyring.

Forutan oppdatering av datoar mv er det kun ein tilføying av ein ny paragraf 16 i vedtektene samanlikna med dei gjeldande:

§ 16 VERN

Verneplanen skal vera førande for forvaltning, drift, skjøtsel og vedlikehald av gravplassane.

Ved fornying av festeavtale på graver med verneverdig gravutstyr vil grava bli endra til urnegrav der det er nødvendig av omsyn til gravminne eller gravutstyr

Bakgrunnen er nyleg vedtatt verneplan for gravplassane i Sveio. Denne planen har og vore ut til høyring.

Ev høyringsuttale vert å senda til kyrkja@sveio.kommune.no For spørsmål og nærare informasjon ta kontakt med kyrkjeverja. 

HER FINN DU GJELDANDE VEDTEKTER

Høyringsfrist er sett til 1. juni 2023

Tilbake