Soknerådsval - Vallister


Kunngjering av frist for innlevering av listeforslag

Val av sokneråd i Sveio sokn – og i Valestrand og Førde Sokn -, frist for innlevering av listeforslag

Nominasjonskomitéane i dei to sokna set opp eit forslag til valliste til soknerådsval 2023. Forslag på kandidatar til soknerådet kan meldast til Sveio sokneråd sin nominasjonskomite; Sissel Lier Høiness, Signe Halleraker, Ragnhild Lysen og Bent Rune Sinnes og Valestrand og Førde sokneråd sin nominsasjonskomite; Martin Haugland, Ragnhild Sæverhagen, Tor Helge Hardeland og Arild Steinsland  innan 15.mars. Kyrkjekontoret (53748422/kyrkja@sveio.kommune.no) kan og ev vidareformidla framlegg til kandidatar.  Valbare er medlemmer av Den norske kyrkja som bur i soknet, og som fyller 18 år seinast i 2023.

Listeforslag bør ha minst 40 prosent representasjon av kvart kjønn, minst 20 prosent representasjon av ungdom under 30 år og ei rimeleg geografisk spreiing. Kandidatar skal vere oppført i prioritert rekkjefølgje med førenamn, eventuelt mellomnamn, etternamn og fødselsår, og dessutan eventuelt bustad og stilling.

Det er òg høve for ein nomineringsgruppe på ti personar med stemmerett i soknet å levere ei alternativ liste til val av sokneråd.

Innleveringsfrist for listeforslag er fredag 31. mars 2023, kl. 12.

Kyrkjevalet finn stad 11. september 2023, med digital og fysisk førehandsstemming frå 10. august. Val av leke medlemmer av bispedømeråd og Kyrkjemøtet finn stad samtidig med soknerådsvalet.

Tilbake