Det er frå 1.mai 2023 ledig stilling som Kyrkjeverje/Dagleg leiar i Sveio i 80% stilling
Søknadsfrist 16. januar 2023
Sveio kyrkjelege Fellesråd dekker Sveio sokn og Valestrand og Førde sokn i Sveio kommune. Kommunen har omlag 5700 innbyggjarar og har ein ung befolkning. Sveio kyrkjelege Fellesråd har ein stab som utanom kyrkjeverje består av to prestar, kyrkjelydspedagog og trusopplærar, to kantorar, sekretær samt to tilsette som arbeidar på gravplass og som kyrkjetenar. I tillegg kjem timeløna kyrkjetenerar og sesongarbeidarar. Kyrkjekontoret ligg i Sveio soknehus. Huset er oppført i 2016 og ligg i Sveio sentrum omlag 20 km nord for Haugesund. Huset er i aktivt bruk m.a. til konfirmantarbeid og anna arbeid innan for trusopplæringa. Sveio har 5 kyrkjer og kapell som alle er har sin viktige plass i lokalmiljøet som både kyrkjebygg og kulturbygg. Valestrand Kulturkyrkje er ei av desse kyrkjene
Det er frå 1.mai 2023 ledig stilling som Kyrkjeverje/Dagleg leiar i Sveio i 80% stilling
Sentrale arbeidsoppgåver:
- Dagleg ansvar for kyrkjeleg fellesråd sine oppgåver
- Sekretær for fellesrådet med ansvar for planarbeid,
saksutgreiing og oppfølging av saker
- Arbeidsgjevaransvar og personalleiing
- Budsjett og økonomiarbeid i samsvar med kyrkjeleg fellesråd sine prioriteringar.
- Vidareutvikla samarbeid og gode relasjonar til kommune, sokneråd, prestar, frivillige og andre samarbeidspartnarar
- Omdømmebygging i forhold til politikarar, media og innbyggjarar i kommunen
- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjer og kyrkjegardar
- Ansvar for gravplassforvaltning
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning og/eller realkompetanse for stillinga
- Leiarerfaring
- Kompetanse innan offentleg forvaltning, økonomi og planarbeid
- God kjennskap til kyrkja sitt abeid og organisering
- Du må identifisera deg med kyrkja sitt verdigrunnlag og vera medlem av Den norske kyrkja
- Søkjar må disponera bil og ha førarkort
- Nødvendig IKT-kompetanse
Vi ønskjer deg som:
- Trives med å leie og administrere
- Er ryddig, strukturert og ansvarsfull
- Forstår kva det inneber å leie ein samansett organisasjon der frivillige sin rolle er viktig
- Er fleksibel, men samtidig beslutningsdyktig
- Har evna til å tenkje langsiktig og målretta
- Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Ein variert arbeidskvardag med utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Nødvendig opplæring og kurs
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
Tilfredsstillande politiattest må kunne leggast fram ved tilsetjing, jf. Trussamfunnslova § 20
Nærare opplysningar kan du få hos leiar i Fellesrådet Johannes Flatnes, 95055251 eller nåverande Kyrkjeverje Ottar Krakk, 93216644
Søk stillinga her på kirkejobb.no; TRYKK HER FOR LINK TIL SØKESIDE
Søknadsfrist 16. januar 2023
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkarliste. Ønske om å bli unntatt frå denne lista må grunngis i søkarportalen. Om ønske ditt ikkje kan bli godtatt vil du få høve til å trekke søknaden.