Det er utarbeida ein verneplan for gravplassar i Sveio. Utkast til plan var oppe i Sveio Kyrkjelege Fellesråd 24.11.2022, sak 17/2022.
Det har vore eit omfattande og krevjande arbeid og det kunne vore ønskeleg å gått enda djupare inn i problemstillingar. Samtidig er det slik at pr. i dag ligg det føre ein plan som føreslår vern av mange gravminne rundt på fleire av gravplassane våre. I tillegg vil ein av dei mindre gravplassane, Eikeland Gamle, få eit meir omfattande vern.
TRYKK HER FOR BEARBEIDA PLAN ETTER HØYRINGA
Det har vore ei arbeidsgruppe beståande av Ellen Tveit, kulturkonsulent i Sveio kommune samt Dagfinn F. Bjørge og Ottar Krakk frå Sveio kyrkjelege Fellesråd. I tillegg har mange frivillige deltatt med registreringar mv. Arbeidet har vore gjennomført over ein periode på omlag to år.
Det vert og lagt opp til ei rullering av plan slik at det kan bli føreslått vern av fleire gravminne, ev. andre endringar ved eit seinare høve.
Det kunne vore ønskeleg med gode kart over kor dei ulike gravene ligg på gravplassane. Dette var det ikkje kapasitet til å få gjort nå.