Kyrkjelydsbasaren


Søndag 30. oktober var dagen for kyrkjelydbasaren.  Det blei eit fint resultat med 56800 kroner i inntekt på loddsal.  Eit godt førehandssal av lodd, samt godt sal på basardagen har gitt det gode resultatet.

 

Takk til alle som støtta med å kjøpa lodd, både på førehand og på basardagen.  Takk til verksemder og privatpersonar for gevinstar, og takk til loddseljarar og alle som arbeidde med basaren på førehand og på basardagen.

Inntektene av basaren kjem godt med i arbeidet for barn og unge i alle kyrkjelydane, til aktivitetetar, mat og materiell.  

Tilbake