Kyrkjegardane i Sveio


Ein velhalden kyrkjegard fortel oss om einskild personar og slekter. Her finn ein ofte heile lokalsamfunnet si si historie.

I Sveio finn du desse kyrkjegardane: Sveio, Sveio sentrum, Nordskog, Bjelland, Eikeland gamle og nye, Førde gamle og nye, Framnes, Valestrand og Valen.

Kyrkjegardane skal vera opne for alle, same kva livssyn ein har.
Dei skal vera slik utforma og stelte at dei på beste måte teke vare på respekten for dei døde, og like eins møter dei sørgjande med respekt og trøyst .

Kyrkjegardar vert etter gravferdslova til vanleg forvalta av kyrkjeleg fellesråd i kommunen, og er soknet sin eigedom.
Både Den norske kyrkja og andre registrerte trussamfunn skal gis høve til å vigsle ein kyrkjegard eller deler av han.

Sveio fellesråd har som mål at vedlikehald og bevaring skal utførast slik at dei pårørande kan koma med si sorg og det skal via repspekt for dei døde.

Vi har mange gravplassar som skal stellast og det kan vera krevande å ha desse i slik stand vi til ei kvar tid ønskjer. Ta kontakt med kyrkjeverja om du har innspel til vedlikehald og stell av gravplasser.

På kyrkjegarden i Førde er det og lagt til rette for eigen Minnelund. Her kan ein setja ned urner og få opp namneskilt på felles minnesmerke.

Tilbake