Babysang - våren 2023


Babysang er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre.  Det føregår i Sveio soknehus annakvar onsdag, frå kl. 11 til ca 12.30. Før påske er babysang i partalsveker.  Etter påske er det oddetalsveker.

 

Første gong er onsdag 11. januar.  Vidare er det annakvar onsdag.  Siste gong før sommaren er 7. juni.

Datoar:  11. januar, 25. januar, 8. februar, 22. februar, 8. mars, 22. mars, 12. april, 26. april, 10. mai, 24. mai, 7. juni

Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosongarar!  Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus.

Det er først ei songstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument. 

Etter songstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.

De kan bli medlemer i Babysonggruppa og betala ein kontingent på kr 50,- per semester for medlemsskap.  Medlemskontingenten gir eit bidrag til drifta av Babysangen, som fornying av utstyr som matter og rytmeinstrument når det trengst.

 

Kontaktperson; Haldis Rolfsnes Stueland, 91837056

 

Tilbake