Babysang - våren 2024


Babysang er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre. 

Dei fleste samlingane  føregår i Sveio soknehus omtrent annakvar onsdag, frå kl. 11 til ca 12.30. Babysang er i partalsveker. 

Me har og samlingar på dagsenteret på Sveio omsorgssenter (SOS) innimellom.  Det er varierande dagar,ein tysdag (23.januar) og to torsdagar (22. februar og 21.mars). Babysangen på SOS begynner kl 11.30 og sluttar innan 12.30

 

Første Babysang i vårsemesteret  er onsdag 10. januar  kl 11 i soknehuset

 

Datoar:      10. januar,  23. januar (SOS kl 11.30),   22. februar (SOS kl 11.30), 6. mars,  21. mars (SOS kl 11.30), 3. april, 17. april, 15. mai og 29. mai

Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosongarar!  Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus.

Det er først ei songstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument. 

Etter songstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.

De kan bli medlemer i Babysonggruppa og betala ein kontingent på kr 50,- per semester for medlemsskap.  Medlemskontingenten gir eit bidrag til drifta av Babysangen, som fornying av utstyr som matter og rytmeinstrument når det trengst.

 

Kontaktperson; Haldis Rolfsnes Stueland, 91837056

 

Tilbake