Babysang er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre.
Dei fleste samlingane føregår i Sveio soknehus omtrent annakvar onsdag, frå kl. 11 til ca 12.30. Babysang i soknehuset er i partalsveker. Me har og samlingar på dagsenteret på Sveio omsorgssenter (SOS) innimellom. Det er varierande dagar,ein tysdag (22.august) og to torsdagar (21. september og 26.okt). Babysangen på SOS begynner kl 11.30 og sluttar innan 12.30
Første Babysang i haustsemesteret er onsdag 16. august kl 11.30 i soknehuset
Datoar: 16. august kl 11.30 i soknehuset, 22. august (SOS kl 11.30), 6. september, 21. september (SOS kl 11.30), 4. oktober, 18. oktober, 26.oktober (SOS kl 11.30), 1. november, 15. november, 29. november
Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosongarar! Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus.
Det er først ei songstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument.
Etter songstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.
De kan bli medlemer i Babysonggruppa og betala ein kontingent på kr 50,- per semester for medlemsskap. Medlemskontingenten gir eit bidrag til drifta av Babysangen, som fornying av utstyr som matter og rytmeinstrument når det trengst.
Kontaktperson; Haldis Rolfsnes Stueland, 91837056