Song leik og frukt.
Småbarnsang held til i Sveio soknehus onsdagar kl. 17.30-18.30 Me møtes annakvar onsdag. Sveio Småbarnsang er eit tilbod til førskuleborn (0-5 år) i Sveio.
Datoar framover:
Oppstart: 18. januar
- Februar; 8. og 22.
- Mars; 8. og 22.
- April; 12. og 26.
- Mai; 3.
På småbarnsang sit born og foreldre/besteforeldre saman i ein ring, og me syng kjende barnesongar som til dømes: «Bjørnen sover», «Mikkel rev», «Er du veldig glad og vet det», «Bæ, bæ lille lam», «Ro, ro, ro din båt», «Båten den gynger», «Om eg er lita eller stor», «Er du veldig glad og veit det» og mange fleire! Me nyttar og enkle rytmeinstrument.
Etter songstunda, leikar borna litt og me avsluttar det heile med eit fruktmåltid før me syng avslutningssongen vår.
Ein gong i halvåret er me med på ei familiegudsteneste. Der opptrer me med nokre av songane me syng på samlingane våre.
Styret; Monika Næs 99574102 og Kamilla Haga 92438892
Er du interessert i å vere med i eit styre/ ha ansvarsoppgåver, så ta gjerne kontakt om det. Me kan gjerne ha fleire å dele ansvaret med. Oppgåver kan vere: leie songen, rydde til før eller etter, kutte opp frukt eller liknande
Vel møtt!