Dåp


 

Velkomen til dåp i Kyrkjelydane i Sveio!

Ta gjerne også kontakt med oss og i den situasjonen me nå er i med restriksjonar pga koronasmitte. Sjølv om me på tida ikkje har ordinere gudstenester ønske me å vera fleksible med å finna dato og stad for gjennomføring av dåp utenom gudstenestetid. Det er og fint for oss å vita om dokke som ønske å ha dåp når me  igjen er klare til å feira ordinære gudstenester igjen. Ring gjerne eller send epost, jf kontaktinfo nedanfor.

Dåpen er ei GÅVE.

Spørsmålet om dåp av barnet melder seg.

For mange er ikkje dette  noko vanskeleg spørsmål, ein opplever at det er sjølvsagt at ein skal døype barnet. For andre er det vanskelegare:

Nokon spør seg: Kva er det me seier JA til når me lovar å gi barnet ei kristen oppseding ? Ein kan vera usikker på eiga tru, eller ein opplever at forventningane i familien ikkje stemmer med det ein sjølv står for.

Når du let barnet ditt døype , legg du det i Guds hender. Det vert Guds barn og  medlem av vår kyrkje og Guds familie på jorda.

Jesus seier at borna høyrer til i Guds rike, og at dåpen og trua er det som gjer at me høyrer til der!

 

Send Førespurnad om dåp

Dåpen viser oss ei OPPGÅVE!

Foreldre, fadrar og kyrkjelyd  er Saman om eit JA ved døypefonten!

Saman får me eit ansvar for at barnet kan bli verande hos Jesus når det veks opp.

Trua skal veksa saman med barnet.

For at trua skal veksa må den ha næring.

Dei viktigaste hjelpemidla me har til denne oppgåva er:

  • Kristne tradisjonar i heimen: Kveldsbøn, bordbøn, bibelfortellingar og markering av helg og høgtid.
  • Deltaking  i gudstenester og  i Kyrkjelydens trusopplæringsaktivitetar (eks. 4 årsbok, 6 årsbok, Tårnagentar, Lys Vaken, barnekora og søndagskular og mykje meir. Vi sender ut informasjon til dykk etter kvart om desse aktivitetane. Vi bruker ulike kanaler til å sende ut informasjon; brev, sms og epost. Vi vil lagre foreldra sin epost og mobilnummer for utsending av informasjon om trusopplæringstiltak som nemnt ovanfor. Dokke har sjølvsagt anledning til å reservere dokke mot slik bruk av epost og mobilnummer)
  • Fadrane er vitne om at barnet er døypt. Dei har og viktige oppgåver i det å be for barnet og gjerne gi støtte til foreldra  i den kristne oppseding

Slik går du fram for å melda barnet opp til dåp:

Ta tidleg kontakt med kyrkjekontoret for å  avtala dato for dåp. Tlf. 53 74 84 20, Epost: kyrkja@sveio.kommune.no

Eller bruk linken ovanfor.

Me på kyrkjekontoret treng denne informasjonen:

-Barnet sitt fulle namn og fødsels- og personnummer

-Barnet sine foreldre m/adresse og telefonnummer

-Fadrane sine namn

     Det skal vera minst 2 og i utgangspunktet høgst 6 fadrar, dei skal vera minst 15 år og medlem av Den norske kyrkja, eller andre kristne kyrkjesamfunn som ikkje seier nei til barnedåpen. Ta ev kontakt om du ønskjer fleire fadrar enn 6.

~AUT0008

Vil du lesa meir om dåp, følg denne linken til nasjonal side om dåp

Tilbake