Sveiokyrkjene - nye smittevernreglar


I likhet med samfunnet rundt oss må me tilpassa oss den nye smittesituasjonen og dei nye smittevernreglane.  Me skal vera til stades for folk og folk er velkomne til gudsteneste og me skal gjennomføra gravferder. Av andre arrangement vert nokre gjennomført medan andre vil me avlysa. Følg med på nettside og Facebook.

 Me tar sjølvsgt omsyn til dei me har rundt oss og held oss heime om me er sjuke eller har luftvegssymptom. 

Håndspriten står fortsatt klar ved inngangsdørene. Alle skal benytta munnbind når dei kjem til og går frå gudsteneste. Munnbindet  treng ikkje vera på når ein sit på plassen sin, om det er minimum 1 meter avstand til andre. Me vurderer om det ved enkelte arrangement vil bli krevd munnbind heile tida. 

Husk å hald avstand, minst ein meter. Tenk særleg på dette når du kjem til kyrkja og går heim igjen. Når me går fram til nattverd held me og nødvendig avstand til kvarandre. 

Alle må nå og registrera seg ved oppmøte. Me må nå og registrera konkret plass den enkelte sit i kyrkja. 

Pr desember 2021 er det som kjent maks 50 som kan vera tilstades, jf. Nasjonale retningslinjer

  • Dette har som føresetnad at me kan halda 1 meter avstand. I våre kyrkjer blir då makstala:
    • Sveio kyrkje               50 stykk
    • Valestrand kyrkje       50 stykk
    • Førde kyrkje              45 stykk
    • Eikeland kapell          25 stykk

Kyrkjevertane eller andre vil visa deg til ein sitjeplass i tråd med dei nye reglane.

Her finn du oppdaterte sentrale koronareglar

Og her finn du lokale reglar

 

Tilbake