Sveiokyrkja > Artikler > Artikkeldetaljer


Babysang - hausten 2021


Babysang

Me håpar på ein haust der det framleis er roleg med covid-19-smitte og at me kan samlast til Babysang meir normalt!

Babysang er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre.  Det føregår i Sveio soknehus onsdagar frå kl. 11 til ca 12.30

 

Første gong er onsdag 18. august.  Vidare er det kvar onsdag til og med 1. desember, med unnatak av onsdagen i haustferien, 13. oktober.

 

Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosongarar!  Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus.

Det er først ei songstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument. 

Etter songstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.

De kan bli medlemer i Babysonggruppa og betala ein kontingent på kr 100,- per semester for medlemsskap.  Medlemskontingenten gir eit bidrag til drifta av Babysangen, som fornying av utstyr som matter og rytmeinstrument når det trengst.

 

Kontaktperson; Haldis Rolfsnes Stueland, 91837056

Tilbake