Ny åpning for gudstenester mv frå 16.april


Dei nye nasjonale smittevernforskriftene opne nå for at me kan  gjennomføre gudstenester og gravferder for fleire deltakerar i tråd med gjeldande regelverk. Pr. i dag, 16. april betyr det, at me kan ha fysiske gudstenester igjen. Me startar opp med dei første opne gudstenestene i Sveio kyrkje og Førde kyrkje søndag 18.april kl. 1100.

Gudstenester og gravferder kan nå gjennomføras med inntil 100 stykk tilstades om det er tilstrekkeleg plass til at alle kan halda 2 meter avstand. Deltakerane får tilvist faste plasser som dei skal sitja på under heile gudstenesta/gravferda. Våre kyrkjebygg kan maksimalt ta i mot desse tala på deltakerar; 40 i Førde kyrkje,  60 i Valestrand kyrkje og 100 i Sveio kyrkje. I Eikeland kapell 25 stykk. Vi ber om at alle brukar munnbind når dei kjem til kyrkja og forlet henne. Munnbind kan vera av når ein sit på sin tilviste plass. Alle skal som før registrera seg, ta med lapp med namn og telefonnummer.

Annan aktivitet som barnekor, konfirmantundervisning og ulike trusopplæringstiltak vil me vurdera oppstart av etter kvart. Her vil det bli gitt melding direkte til aktuelle grupper når det er klart for oppstart.

 

Tilbake