Påska i kyrkja i Sveio


Me går mot ei ny påskehelg der smittesituasjonen med korona gjer at me ikkje kan samlast fysisk i kyrkjelydane. Fellesskap, der me møtest til gudstenester og samlingar inne eller ute, er sakneleg, og lite kan erstatta det. Men me kan gjera noko. 

Påskevandring ved kyrkjene

Kyrkjelydane har i år kjøpt inn tre sett av to plakatseriar til Påskevandring.

Det er plakatseriar til ei tradisjonsrik Krossvandring «Via Dolorosa – Jesu lidingsveg» og ei Håpsvandring «Via Lucis – håpsvandring i påsketida», som me vil hengja opp ved nokre av kyrkjene våre.

Krossvandring - der ein går i Jesu fotspor mot krossen - frå stasjon til stasjon – er ein gammal tradisjon i tida rundt påske. Serien med plakatar til Krossvandring er heilt ny, laga i 2021. Håpsvandringa «Via Lucis» fokuserer på lyset og håpet frå Jesu oppstode.  Desse plakatane blei laga til påske 2020, då det var avgrensa høve til å feire gudstenester.   Den blei då nytta av mange kyrkjelydar frå påskedag og fram mot pinse. 

Plakatseriane er formidla gjennom Balestrand kyrkjelyd.  Nordfjordkunstaren Magne V. Kristiansen har laga bileta.  Bibeltekekstane som høyrer til bileta er frå Lukasevangeliet. 

Før helga med palmesøndag tek til, vil me hengja opp plakatserien «Via Dolorosa» ved Sveio kyrkje, Førde kyrkje og Eikeland kapell. 

Denne plakatserien, ein velkomstplakat og 14 plakatar med bilete og bibeltekst, vil hengja oppe til påskeaftan.  Då vil me byta ut Krossvandringsplakatane med 14 nye plakatar. Gjennom Håpsvandringa følgjer me forteljinga om Jesu oppstode.  Håpsvandringsplakatane blir hengjande oppe fram mot pinse.

Ved kyrkjene i Valestrand, Førde og Sveio og ved Eikeland kapell vert det og sett opp eit stort kors. For kvar av høgtidsdagane i påsken vert bibelteksten for dagen og eit salmevers som passar til dagen hengt på korset. Det vert pynta med ting som høyrer dei einskilde dagane til. Her kan ein sjølv ta med ein kvast blomar eller tenne eit lys.

Gudstenester i påsken frå Sveio

Det vert feira gudstenester i Sveio og denne påska. Du som tilhøyrar må setje deg framfor skjermen og søkje opp sida «Sveiokyrkja» på Facebook. Då kan du sjå gudsteneste frå Sveio kyrkje på Palmesøndag, frå Valestrand kyrkje på Skjærtorsdag kveld, og frå Sveio kyrkje både langfredag og på Påskedag.

Det vert og høgtidsringing frå kyrkjene i Valestrand, Førde og Sveio på påskeaftan frå kl. 17.00 til 18.00

Me håpar mange legg turen til kyrkjene våre for å oppleva påkebodskapen enten det er ute ved plakatar og kors eller inne framfor skjermen. Kyrkjelydane i Sveio ynskjer deg ei god påskehøgtid

 

Tilbake