Alle rettigheter 2019 Sveio kyrkjelege fellesråd

Kulturkyrkja


 

Valestrand Kulturkyrkje har som føremål å gje folk gode kulturopplevingar i kyrkja sin regi. Kulturkyrkja skal utvikla eit godt program innan kunst og kultur. Kulturkyrkja ønskjer å leggja vekt på kvalitet der både tradisjon og nytenkning ligg til grunn for programvalet. Det er ønskeleg å dra alle generasjonar med i arbeidet. Det skal vera eit nært samarbeid med Fartein Valen-arbeidet.

Arbeidet er med utgangspunkt i Valestrand Kyrkje. Musikk, litteratur og kunst er viktigige bærebjelkar i arbeidet. Kulturkyrkja har utvikla eit samarbeid med andre lokale krefter noko som sikrar eit godt lokalt tilsnitt på innhaldet. Valestrand Kulturkyrkje er medlem av Norske Kirkeakademier.

Det er sokneråda, Fellesrådet og kommunen som står bak Kulturkyrkja. Styret består av Ragnhild Lysen (leiar), Edvin Reiersen, Alice Enerstvedt, Astrid E. Andersen, Steinar Alvsaker og Arild Steinsland.

Det er og eit tett samarbeid med Fartein Valen festvialen, Valestrand Bygdalag og Stord kyrkjeakademi.

For kontakt med Kulturkyrkja; Ring Kyrkjekontoret på 53 74 84 20 eller epost: kulturkyrkja@sveio..kommune.no 

Eller besøk oss på Facebook;

 

Tilbake