Frå og med denne veka er det ei viss opning for fysiske samlingar for barn og unge. Me gler oss over dette og føl nøye med på lokale og sentrale smitteverntiltak og vurderer fortløpande kva aktiviteter med kan ha i kyrkja sin regi. Det skal nå vera forsvarleg å invitera til konfirmasjonsundervisning, barnekor og trusopplæringstiltak mv. All aktivitet vil skje innanfor gjeldande smittevernveilederar.
Gudstenester vil i all hovedsak bli digitale inntil det er opna for fleire deltakerar. Ved enkeltgudstenester kjem vi til å invitere nokre få deltakerar, f.eks. i samband med trusopplæringstiltak.
Gravferder kan samla inntil 50 i dei største kyrkjene våre; Sveio og Valestrand. Førde og Eikeland har ikkje plass til så mange ved gjeldande avstandskrav. Valen kapell har me tatt ut av bruk så lenge det er strenge krav til reinhald mv.