Bedehuset i Sveio la sine møter til Soknehuset når det stod ferdig ved årsskifte 2016/2017. Det tidlegare bedehuset vart då seld. Kveldsmøtene er lagt til onsdagar og søndagar. Då kjem dei ulike organisasjonane og har møte. Møta tek til kl 1900. Lovsongskveldar blir haldne nokore gonger i året. Likeeins har Sjustjerna møte på Soknehuset omlag to gonger i året. Sjå kalenderen for dato for dei ulike møta.
Bedehusstyret arrangerer og basar til inntekt for soknehuset ein gong kvart år.
Styret for Sveio Bedehus er i 2022 samansett slik; Aslaug Kinn (leiar), Eldbjørg Katla (nestleiar), Leiv Rossehaug (kasserar), Marianne Svarverud Hanssen (skrivar), Marit Tveit (styremedlem), Margrethe Vikse og Edvin Reiersen (varamedlemmer)