Førde Kyrkje - Rehabilitering


Det er klart for rehabilitering av Førde kyrkje.

Sveio kommune ha bevilga1,6 millionar + mva til utvendig rehabiliering av Førde kyrkje. Det er behov for fleire tiltak på kyrkja frå 1938. Tårnet treng nytt koppardekke og nytt sutak, murveggene har ein del riper og sprekker mv som treng reperasjon samt at heile kyrkja skal malast. Haakull og Ersland as er hovedentreprenør. Dei vil nytta seg av ulike underentreprenørar til dei ulike fagfelta. Hoveddelen av arbeidet vil skje frå slutten av juli til starten av oktober. Kyrkja vil då få stillas rundt seg, og vert kledd inn med presenningar for å sikre at arbeidet kan utførast i ulike typar ver. Allereie denne veka startar arbeidet med reingjering av skifertak. Til dette arbeidet vert det nytta lift. Kyrkja vil vera i ordiner bruk i heile perioden. Vi vil be om at alle tek omsyn til arbeidet når ein oppsøkjer kyrkja og gravplassen. Dette av omsyn til eigen og andres sikkerhet.   

 

Tilbake