Gudstenester i Sveio - sommar 2020


Erfaringane frå gudstenester etter gjenopning er at det har vore god plass i kyrkja.  Me forstår at mange er forsiktige med sosial omgang nå i desse koronatidene, men tenkjer og at påmelding kan vera eit ekstra hinder.

Me prøver derfor nå med gudstenester utan påmelding framover.

Me vil sjølvsagt fylgja dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld. Det vil framleis vera ei øvre grense på kor mange som kan delta på gudsteneste. Sjølv om grensa frå sentralt hald er på 200 vil våre bygg ikkje kunne ta i mot så mange. For våre kyrkjebygg har me sett følgjande maks deltakerar:

- Sveio kyrkje 160

- Førde kyrkje 50

- Valestrand Kyrkje 80

- Eikeland Kapell 30

 Vi vil i likhet med kyrkjene i nabokommunane be om at alle som besøkjer kyrkjene våre til gudsteneste eller gravferd tar med seg ein førehandsutfyllt lapp med namn og telefonnummer. Desse vert samla inn og oppbevart i safe til dei vert makutlert etter 10 dagar. Skulle du ikkje ha gjort dette på førehand vil det vera lapp/liste for registrering i kyrkja men det er viktig at flest mulig har gjort dette på førehand då me då vil unngå kø ved inngangen.

Dei generelle smittevernråda er; Hald avstand, vask hender og bli heime om du har sjukdomssymptom.

Velkomen til kyrkjene våre.

 

Tilbake