Kyrkjetenar? Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera kyrkjetenar når me har gudstenester? Me har frå sommaren av behov for ein til to personar som kan vera kyrkjetenar ved gudstenester i kyrkjene våre.
Me har gode erfaringar med ungdommar som har dette som ein liten tilleggsjobb ved sida av utdanning, men vaksne kan og vera aktuelle. Som kyrkjetenar har du ansvar for å klargjera kyrkja for gudsteneste, du bistår med ringing mv under gudstenesta og du ryddar og låser når gudstenesta er ferdig. I Valestrand, Førde og på Eikeland er det gudstenester omtrent ein gong i månaden + nokre høgtidsdagar. I Sveio kyrkja oftare. Dei fleste kyrkjetenerane har ei av kyrkjene som sin "hovedarbeidsplass", men får gjerne opplæring på fleire plassar etterkvart. Me set opp arbeidsplan for eit halvår om gongen der ein gjerne arbeidar litt meir enn ein søndag/helgedag i månaden. Det går vanlegvis 3-4 timar dei dagane du arbeidar. Er du interessert? Send ein søknad på epost til: kyrkja@sveio.kommune.no der du skriv litt om deg sjølv og kvifor du ønske jobben. Legg gjerne ved ev attestar og vitnemål, samt oppgi referanse. Søknadsfrist; Snarast Ta ev kontakt med Kyrkjeverje Ottar Krakk på tlf 53748422/93216644 (Etter 1. mai Rita Holmedal 53748422) om du ønske å vita meir om jobben.