Sveiokyrkja > Artikler > Artikkeldetaljer


Korona


Kyrkja i Sveio føl situasjonen i forhold til Korona frå dag til dag. Vi tek utgangspunkt i råd og retningsliner frå offentleg myndigheter og frå bispedømme.

Pr Tysdag 17. mars er  gudstenester og arrangement avlyst inntil vidare, i første omgang til over påske. Dei som har avtalt dåp vil bli kontakta. Konfirmasjonsgudstenestene i mai vil og bli utsett til over sommaren.  Me vil koma tilbake til nye datoar for dei. Gravferd vil kunne bli gjennomført men med sterk avgrensing i antal som kan delta mv.

 

 

 

 

Gravferder vil bli gjennomført, men det vil i samråd med pårørande og gravferdsbyråa bli vurdert korleis gjennomføringa skal vera då me ikkje ønskjer unødig mange personar i gravferda.

Arrangementa i Kulturkyrkja søndag  22. mars; Konsert med Elin Furubotn m.fl og «Vegen gjennom Bibelen» med Per Hjemdal 26. mars vert utsett.

Vi er førebudd på at det vil koma nye føringar frå lokale og sentrale myndigheter og vil retta oss etter dei.

Ta gjerne kontakt med underteikna for meir informasjon eller om du treng ein samtale. Skulle du ikkje nå oss, legg igjen melding eller send ein sms og me vil ta ny kontakt med deg.

 

Arild Steinsland                                  Gisle Sørhus                            Ottar Krakk

Sokneprest                                         Sokneprest                              Kyrkjeverje

91555580                                           95857557                               93216644       

Tilbake