Alle rettigheter 2019 Sveio kyrkjelege fellesråd

Babysong


 

 

Babysang

Babysang er eit tilbod retta mot born mellom 0 og ca 1 år og foreldre.  Det føregår i Sveio soknehus annakvar onsdag frå kl. 11 til ca 12.30

Babysong er for alle som har lyst å komma med sine små, ikkje berre for kor- og solosongarar!  Det er ein sosial møtestad for foreldre med sine babyar, der kommunikasjon med barnet gjennom song er i fokus.

Det er først ei songstund på ca 30 min, med barnesongar, rim og regler og enkel bruk av rytmeinstrument. 

Etter songstunda er det tid for prat, frukt og litt å drikka til.

De kan bli medlemer i Babysonggruppa og betala ein kontingent på kr 50,- per semester for medlemsskap.  Babysonggruppa i Sveio er meldt inn i ”Ung Kirkesang”, som bidrar med støtte for kvart medlem.  Men de kan også vera med på Babysong utan å teikna medlemsskap.

Kontaktperson; Haldis Rolfsnes Stueland, 91837056

Datoar; Haust 2019

21.august, 4.september, 18.september, 2. oktober, 16. oktober, 30. oktober, 13. november og 27. november

Tilbake