Soknerådsval 2019


Vallistene til nominasjonsnemndene i Sveio Sokn og Valestrand og Førde Sokn er nå klare.

Begge sokneråda skal ha 8 medlemmer og 5 varamedlemmer.  Vallistene skal derfor ha minimum 13 namn. I Sveio sokn er dei så heldige at dei har nesten full liste, medan Valestrand og Førde framleis manglar folk.

Derfor opnes det nå for supplerande nominasjon. Dvs at 5 personar i soknet kan føreslå fleire personar til å stå på lista. Desse forslaga må vera levert til kyrkjekontoret innan kl 1200 5.juni. Følg linken her for skjema som skal brukast Husk at du bør spørja om dei er interessert i å stå på vallista.

 

 

Nominasjonkomteane sine framlegg til lister:

Valestrand og Førde sokn

1. Tor Helge Hardeland

2. Ann Helen Henriksen

3. Øyvind Tislavoll

4. Tone Elisabeth Normann

5.  Ragnhild Sævarhagen

6.  Solveig Brynjelsen

Sveio sokn

1.         Bent Rune Sinnes                                          

2.         Haldis Økland Lier                                        

3.         Anne Vierdal                                                 

4.         Elise de Winter                                             

5.         Trond Widar Våga                                        

6.         Lin Hege Enge                                               

7.         Johannes Flatnes                                          

8.         Inger Skogland                                              

9.         Astrid Yasmin Furdal                                     

10.       Kristi Henden Tveitaskog                              

11.       Torhild Matre                                               

12.       Leiv Rossehaug                                              

         

Som listene viser er det ønskeleg med minimum ein kandidat til i Sveio og helst 7 kandidatar til i Valestrand og Førde.

Å sitja i soknerådet gir deg mulighet til å påverka kyrkja og koss den skal vera tilstades for folket her i Sveio. I sokneråda er det ofte bredt samansett med folk i ulike aldrar og tilknytning til kyrkja. Felles er at dei bryr seg om kyrkjene og det som skjer i kyrkjelydane. Kanskje du har ein du kan utfordra til å stilla?  Ta gjerne kontakt med kyrkjekontoret eller ein av soknerådsleiararne (Tor Helge Hardeland og Bent Rune Sinnes) om du har spørsmål.                                            

Tilbake