Babysang
Det er nå gjort endringar i programmet for Babysang. Det har ikkje vore større deltaking på «Babysang for dei største» i haust. Me kjører Babysang kvar onsdag frå 4. november, og har inga inndeling i små og store.
Alle som har lyst å gå på Babysang, kan nå komma på den same tida, både små og store.
Babysang for resten av hausten er:
4. november, 11. november, 18. november, 25. november og 2. desember
Tid og stad: Soknehuset kl 11 til ca 12.30
Me følgjer smittesituasjonen og tilrådingar frå lokale og nasjonale organ.
Om ting endrar seg, blir det oppdateringar på nettsida og i meldingar til dei som er registrerte på Babysang og i den lukka facebookgruppa «Babysang i Sveio 2020»
Tilbake