17. mai og kyrkja


Det vil bli gudstenester og kyrkjeleg deltaking fleire stadar i kommunen på 17. mai. Det heile startar i Førde og sluttar i Valestrand. Alle arrangementa blir streama på kommunens eller kyrkjas facebook-sider. Vi gjer merksam på at det er grense på 50 deltakare på kvart arrangement og at regler for avstand gjeld.

 

10.00 Gudsteneste med kransenedlegging utanfor Førde kyrkje. Sokneprest Arild Steinsland. 17. mai tale ved Tor Inge Flåten. Kransenedlegging på begge monumenta. Førde skulekorps deltek.

11.00 Arrangement i Auklandshamn ved minnestøtta. Sokneprest Arild Steinsland. 17. mai tale ved Einar Vestvik. Barnas tale ved Katrine Økland. Musikkkrefter. Arrangementet blir leia av Sveinung Andersen.

12.00 Gudsteneste i Sveio kyrkje. Sokneprest Gisle Sørhus. Kantor Ingrid Furdal. Musikkrefter på instrument og song deltek. (Kun streaming av gudstenesta)

13.30 Gudsteneste med kransenedlegging utanfor Valestrand kyrkje. Sokneprest Arild Steinsland. 17. mai tale ved Jostein Svendsbø. Barnas Tale ved Lilly Belle Sirevaag og Isabella Vea Høyland. Førde skulemusikkorps og Valestrand mannskor deltek.

Tilbake